Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Dersom du meiner at du ikkje får eit tilfredsstillande utbyte av det vanlege, tilpassa opplæringstilbodet for vaksne på grunnskuleområdet, har du rett til spesialundervisning.
Det kan til dømes vere dersom du
- er eller har vore sjuk eller skadd
- har særleg behov for å meistre daglege gjeremål
- treng grunnleggjande kommunikasjonsdugleik
- treng grunnleggjande lese- og skriveopplæring
- treng motorisk trening
Pris for tenesta
Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Opplæringslova § 4A-2 og kapittel 5
Forskrift til opplæringslova kapittel 5 Klage på vurdering.
Lover
Opplæringslova
Forskrifter
Forskrift til opplæringslova -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Du kan få hjelp frå kommunen til å søkje om spesialundervisninga.
-
Saksbehandling
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
-
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: Eining for oppvekst og kultur Telefon: 35048400 Epost: postmottak@nissedal.kommune.no Postadresse: Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen Kontaktpersoner
Navn: Reidun Carol Retterholt Tittel: Einingsleiar for oppvekst og kultur Telefon: 35048482 Mobil: 95921972 Epost: reidun.retterholt@nissedal.kommune.no -
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2022-01-28 16:03
- Gyldig fra
- 2012-12-24
- Gyldig til
- 2023-01-31