Opplæring for elevar med hørselshemming
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Elevar med hørselshemming har rett til å få tilrettelagt opplæringstilbod gjennom heile skuletida si. Dette gjeld undervising, SFO, klasseorganisering, utstyr og bygningsmessige tilpasningar.
Skulen kan avgjere å gi opplæringa på teiknspråk. Dette blir gjort i så fall etter ei sakkunnig vurdering i samarbeid med PP-tenesta.
Målgruppe
Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule med hørselshemming.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd oppgåve. Sjå spesielt
Folketrygdlova § 10-7
Barnehagelova § 38
Opplæringslova § 9a-2, 2-6, 3-9Lover
Barnehageloven
Folketrygdloven
Opplæringslova
Forskrifter
Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger
Retningslinjer
Veileder til forskrift om miljørettet helsevern i skolen (IK-2073) -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Før barnet begynner i fyrste klasse bør du som forelder/føresett ta kontakt med den framtidige skulen tidlegast mogeleg for å orientere om at barnet ditt skal begynne i 1. klasse. Skulen pliktar å gi eit likeverdig tilbod, men det er ikkje nødvendig med søknad og det fattast ikkje noko enkeltvedtak frå skulen si side.Dersom eleven får tilbod om teiknspråk som språk i opplæringa, vil det skje etter ei vurdering gjort av PP-tenesta, ei såkalla sakkunnig vurdering. I så fall fattast eit enkeltvedtak, som også gir rett til å klage.Dersom eleven eller foreldre meiner at skulen må gjere meir for å få det psykososiale miljøet rundt eleven til å fungere, kan dykk be skulen om å setje i gong tiltak for å forbetre miljøet. Eit slikt krav skal behandlast etter reglar for enkeltvedtak. Det betyr at når de seier i frå til skulen anten munnleg eller skriftleg, kan dykk forvente svar innan fire veker. Eit enkeltvedtak som skulen gjer, utløysar også ein rett til å klage dersom du er misfornøgd med vedtaket. -
Saksbehandling
Klagemulighet
Dersom skulen har fatta eit enkeltvedtak anten om forbetring av det psykososiale miljøet eller opplæringa på teiknspråk, utløyser dette ein rett til å klage. Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen/fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen/fylkeskommunen. Blir avgjerd Oppretthalden, blir saka send vidare til statsforvaltaren (for elevar i grunnskulen) og fylkeskommunen si klagenemnd (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klaga skal takast til følgje.
-
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: Eining for oppvekst og kultur Telefon: 35048400 Epost: postmottak@nissedal.kommune.no Postadresse: Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen Kontaktpersoner
Navn: Kim Andre Hølmo Tittel: Pedagogisk konsulent og barnehagemynde Telefon: 35048476 Epost: kim.holmo@nissedal.kommune.no -
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2022-01-28 16:03
- Gyldig fra
- 2018-01-22
- Gyldig til
- 2023-01-31