Håvenuten ligg i Nordbygda

Håvenuten gir deg panoramautsikt frå Vrådal i nord og til Treungen i sør.

Kjør til Nordbygda i Nissedal, følg vegen til Støylane og parker ved Ufsvad. Husk å betal vegavgift på 40 kr (kan betalast med Vipps). Frå parkeringa er det godt merka med blått. Dei første 15 minuttane følger du ein traktorveg, før du tek av til venstre inn på ein sti. Følg stien og dei blå merka til toppen av Håvenuten. Turen til toppen tek ca. 1 time. God tur og nyt utsikten!

Lengde: 1,5- 2 timar