Vikodden ligg i Nordbygda

Trimturen rundt Vikodden er ca. to km og ein lett tur for den som vil kombinere biltur og gåtur i vakker natur.

Start: Avkjørsle frå riksveg 41 på veg merka "friluftsområde"sør for Nordbygda i Nissedal. 250 meter til parkering. (Dersom du kjem køyrande frå Vrådal, skal du ikkje køyre så langt at du ser skiltet til Fjoneferga. Då har du køyrt forlangt, snu og kikk etter skiltet med "friluftsområde")

Ved denne ruta finn du både toalett og ein tilrettelagt raste- og grillplass ved ei idyllisk sandstrand med fin utsikt over Nisser. Rasteplassen ligg ca. 100 meter frå parkering. Hit kan du kome med rullestol og barnevogn. Resten av turen går i meir kupert terreng.

Ytterst ute på odden står kassa som Nissedal IL har satt opp. Ta gjerne med deg badetøy. Her er fin badeplass, benkar og utegrill langs stien.

Lengde: 1 time 
Merking: God

Sjå kartplassering her