Kjære innbyggjar i Nissedal!
Me ønskjer ei reiselivsnæring som gjev positive verknader for lokalsamfunnet vårt og regionen vår. Vest-Telemark skal vere ein god stad å bu, og ein god stad å besøkje – i dag og i framtida.
For å få til den utviklinga me ønskjer saman, er di meining viktig!
Reiselivet i Vest-Telemark arbeider for å kvalifisere seg til merkeordninga Berekraftig reisemål for fyrste gong.
Som ein del av merkeordninga blir det utført innbyggarundersøking for å kunne få viktig informasjon om innbyggjaren si oppleving av reiselivet i kommunane.
Bruk lenka eller QR-kode for å kome til undersøkinga:
https://response.questback.com/visittelemark/innbyggjar2023
Vest-Telemarkrådet eig prosjektet, og Visit Telemark er prosjektansvarleg. Alle dei seks kommunane i Vest-Telemark (Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje) har fatta vedtak i kommunestyra om å vere ein aktiv bidragsytar for å kvalifisere til Merket for berekraftig reisemål. I styringsgruppa er det representantar frå kommunane, reiselivsnæringa, næringslivet, frivillig sektor og destinasjonsselskap.
Takk til alle som svarar på undersøkinga - di meining er viktig!
Helsing
Hilde Ivesdal Pedersen
Prosjektleiar Vest-Telemark