Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. Frå gamalnorsk blei Nisser kalla «Niðsær», der fyrste del «Nið» tyder «brusande», medan andre del «sær» tyder «sjø».

Nisser er den største innsjøen i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. 

Vi har desentralisert skulestruktur med Tveit skule - Nissedal ungdomsskule 1-10 og Kyrkjebygda oppvekstsenter 1-7.  

Vi har barnehage i Kyrkjebygda, Fjone, Treungen, Haugsjåsund og på Felle.

I Treungen er det blant anna omsorgssenter, bu- og avlastingsenter, Fleirbrukshus, bibliotek og kino.

Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.

Samla areal: 908 km2

Innbyggjarar 2. kvartal 2019: 1468

Om kommunevåpenet

I kommunestyresak 038/92 den 07.05.1992 blei det vedteke kva for kommunevåpen Nissedal kommune skulle ha.

Det var utlyst ei tevling om forslag til kommunevåpen, og det kom inn 143 forslag frå 25 personar. Det blei vidareutvikla 8 motiv, og teiknar Halvor Holtskog blei engasjert i det vidare arbeidet.
Ettersom kommunevåpenet skulle bli oppfatta som eit særmerke ved Nissedal kommune, blei 8 motiv til 3:

  1. I gull tre raude nisseluver
  2. I sylv ein rettvendt blå spiss, danna ved bølgesnitt
  3. I grønt ein sølvslangering

I saksutgreiinga i formannskapssaka står det dette om alternativ 1.:

"Nisseluene er morosame, klåra og harmoniske. Alle kan sjå, og skjøne kva motivet er, og vil snart sette motivet i samanhang med kommunenamnet. Er det ikkje det som er meininga? Me har vel og rike segnetradisjonar, alt opp til vår tid, som fortel at her bur nissen.
Kanskje er dusken litt for stor og tung? Den minner meir om eit kiloslodd på krambua."

Utdrag frå kommunstyremøtet:

  • Designer Halvor Holtskog orienterte om reglane og avgrensingane som gjeld for kommunevåpen, samt ei kort orientering om dei aktuelle motiva.
  • Det blei motteke ein underskriftskampanje "Nissedølar mot nisseluver" frå ein deputasjon/gruppe med 333 underskrifter.

Kommunestyret vedtok alternativ 1 med 16 mot 5 røyster.