I samband med ei sak som gjeld eit verneområde i Nissedal kommune har Språkrådet teke opp namnesak for stadnamnet Høgfjell, Høgfjellet og Høgefjell. Saka blir teken opp for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk. Statens kartverk sender med dette saka på lokal høyring i Nissedal kommune, jf. § 8 i lov om stadnamn.

Saka gjeld følgjande namn, med variantar av skrivemåtar: Høgfjell/Høgfjellet/Høgefjell i Nissedal kommune.

ZLDxUVAAAAAElFTkSuQmCC
Utsnitt frå Norge 1:50 000 frå i dag

Vi finn skrivemåten Høgefjell på økonomisk kartverk frå 1980.

Vi finn skrivemåten Høgfjell på gradteigskart frå 1950, 1956 og 1963, og på Norge 1:50 000 frå 1953 og 1966.

Vi finn skrivemåten Høgfjellet på Norge 1:50 000 frå 1983, 1993, 2002, 2012, og i dag.

Heradsregisteret (1977) har uttaleforma hø¯g`fjell. Streken over ø-en viser til ein uttale med lang ø, som er vanlegare å vise med ø: i lydskrift (altså hø:g`fjell).

Kartutsnittet ovanfor viser Norge 1:50 000 frå i dag. Den oransje markøren viser plasseringa av Høgfjell/Høgfjellet/Høgefjell i Sentralt stadnamnregister (SSR), slik denne plasseringa er i dag. Vidare ser vi at namnet Kronfjell finnast fleire stader på ulike kartlag av økonomisk kartverk. Ein av desse førekomstane er på same stad som Høgfjellet er plassert på kartutsnittet ovanfor. Vi ønsker derfor at dei som uttaler seg i saka òg uttaler seg om den geografiske avgrensinga til fjellet, særleg i forhold til Kronfjell, slik at vi sikrar rett plassering i SSR og på kart.

For fleire opplysningar om namnet, sjå innsynsløysinga vår for SSR: www.norgeskart.no/ssr/.

Lokal høyring

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av m.a. naturnamn, nedarva gards- og bruksnamn og seternamn. Før dei gjer vedtak, har kommunen rett til å uttale seg. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.

Etter lova skal skrivemåten fastsettast med utgangspunkt i den nedarva, lokale uttalen av namnet. Ein ber derfor om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet blir uttalt på ulike måtar, ber ein om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene.

Normeringsprinsipp

I tillegg til å ta utgangspunkt i den nedarva, lokale uttalen, skal ein som hovudregel fylgje gjeldande rettskrivingsprinsipp ved normering av stadnamn, jf. § 4 fyrste ledd i lov om stadnamn. Skrivemåten skal vere praktisk og ikkje skygge for meiningsinnhaldet i namnet. I «utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn» er det meir detaljerte føresegner om korleis stadnamn skal normerast.

Skrivemåten av primærnamnet vil normalt vere retningsgjevande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar, t.d. for adressenamn som er like eller avleidde av namnet, jf. § 4 tredje ledd i lova. Kommunen må ta omsyn til den vedtekne skrivemåten av primærnamnet når dei skal gjere vedtak. I pågåande saker som gjeld adressenamn og adressetilleggsnamn, der dei same namna inngår, kan kommunen i mellomtida ev. bruke eit mellombels adressenamn, slik det er beskrive i Adresserettleiaren kapittel 6.6, andre avsnitt.

Nissedal kommune samordnar dei lokale høyringssvara.

Vi ber om tilbakemelding innan 04.06.2024.

Uttale kan sendast til postmottak@nissedal.kommune.no eller Nissedal kommune, plankontoret, Treungvegen 398, 3855 Treungen.