Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Publisering av saksdokument på Internett

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Som innbyggjar og brukar av offentlege tenester kan du lese sakslista for eit politisk utval, søknader, avslag og andre sakspapir frå ein PC der du måtte ønskje. Dette er eit ledd i informasjonsstrategien til forvaltninga der Internett i aukande grad blir nytta til å publisere saksdokument. Ein kan ikkje publisere dokument som er unnateke offentleggjering, eller som inneheld sensitive personopplysningar eller fødselsnummer.

Kommunen må gjere ei konkret vurdering der ein set omsynet til offentleggjering opp mot personvernet før ein publiserer dokumenta. 

Målgruppe

Innbyggjarar og brukarar av offentlege tenester

Kriterium/vilkår

Det er høve til å publisere:

  • Offentlege journalar (med opplysningar om kven som har kome med ein førespurnad om ei bestemt sak)
  • Dokument som ikkje er unnateke offentleggjering og der omsynet til personvernet ikkje talar mot publisering

Dokument til og frå offentlege etatar, næringsdrivande o.a. inneheld sjeldan personopplysningar som skulle føre til at ein ikkje kan publisere desse på Internett. Når det gjeld dokument som inneheld opplysningar om meir private forhold, er det personopplysningslova som set grensene for kva kommunen kan publisere.  

Sensitive personopplysningar (som etnisk bakgrunn, politisk eller religiøs oppfatning og helseforhold) er ofte omfatta av teieplikta, og ein vil derfor ikkje kunne publisere slike utan samtykke. Det same gjeld andre personopplysningar som ikkje er underlagt teieplikt, men der den det gjeld, vil kunne kjenne det tyngjande dersom dei blir offentleg kjende. Dette kan for eksempel gjelde opplysningar om utdanning og yrkeserfaring. Ein kan ikkje publisere fødselsnummer på Internett.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Datatilsynet: Publisering på Internett
aaa

Lover og retningslinjer

Sjå blant anna personopplysningslova kap. II Alminnelige regler for behandling av personopplysninger og forvaltningslova § 13 (taushetsplikt). 

Lover

Forvaltningsloven
Offentleglova

___

Rettleiing - korleis få utført

Dersom du ønskjer innsyn i dokument eller saker, må du kontakte kommunen, som evt. kan oversende saksdokument pr. post eller pr. epost.
Elles kan du gå inn på postlista og tinge dokument du ønskjer innsyn i og bruke lenkja i tittelen.

Skjema

Oppmoding om innsyn

Saksbehandlingstid

Dei fleste spørsmål om dokument vert ekspedert i løpet av ein dag eller to.

Kommunen sin frist for ekspedering fylgjer Forvaltningslova sin generelle bestemmelse.

Klagemulighet

Eit evt. avslag på spørsmål om innsyn, kan påklagast. Skriftleg klage sendast til kommunen.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Fellestenesta
Telefon:35048400
Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

Kontaktpersoner

Navn:Asbjørg Rygh Pedersen
Tittel:Konsulent - arkiv
Telefon:35048447
Epost:asbjorg.pedersen@nissedal.kommune.no
Navn:Wenche Grønås
Tittel:Konsulent - arkiv/personal
Telefon:35048446
Epost:wenche.gronas@nissedal.kommune.no

Andre opplysningar

Oppdatert:2018-12-12 09:02
Gyldig fra2012-12-28
Gyldig til2019-12-31