Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Smittevern i barnehagen under covid-19-utbruddet

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Smittevernstiltak for covid-19

    Prinsippa for smitteførebygging i barnehagen er:
    • sjuke personar skal ikkje vere i barnehagen
    • god hygiene
    • redusert kontakthyppigheit mellom personar.


    Om sjukdom i barnehagen

    Barna kan kome i barnehagen:
    • når dei ikkje har symptom på sjukdom
    • ved gjennomgått luftvegsinfeksjon, kan barna kome tilbake etter at dei har vore symptomfrie i 1 døgn
    • dersom ein i husstanden har symptom på luftvegsinfeksjon, men ikkje har påvist covid-19
    • dei har kjend pollenallergi med typiske symptom
    • dei har rennande nase utan andre symptom på luftvegsinfeksjon.
    Barna kan ikkje kome i barnehagen når:
    • dei har luftvegssymptom eller sjukdomskjensle, sjølv milde symptom
    • dei har stadfesta covid-19-infeksjon
    • dei er i husstanden til ein med stadfesta covid-19. Dersom nokre i husstanden er stadfesta smitta, skal barnet vere i karantene.
    Dersom barnet blir sjukt mens det er i barnehagen
    Foreldre vil få melding om å hente barnet sitt så fort som mogeleg. Barnet ventar på å bli henta i eit eige venterom eller ute, saman med ein tilsett i barnehagen.
    Dersom eit barn eller ein tilsett i barnehagen får påvist covid-19, vil du få melding. Du vil også få melding om du eller barnet ditt treng å vere i karantene.
    Føresette
    Føresette som er friske og ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon, kan følgje og hente barna sine i barnehagen som normalt. Føresette som er i karantene eller har symptom, skal ikkje følgje eller hente barna i barnehagen.
    Tilsett
    Tilsett i barnehagen har dei same restriksjonane som barna.

    Om hygiene i barnehagen

    Handhygiene
    Tilsett og barn vaskar hender ofte og grundig i minst 20 sekund. Hendene blir tørka med tørkepapir.
    Barnehagen gir opplæring i god handvask. Så godt som mogeleg skjer barna sin handvask med ein voksar til stades.
    Barna skal vaske hender
    • før ein dreg heimanfrå og når ein kjem heim
    • når ein kjem til barnehagen
    • etter hosting/nysing og tørking av ansikt/nasepussing
    • etter toalettgjesting og bleieskift
    • før og etter måltid
    • etter soving
    • etter ein kjem inn frå uteaktivitet
    • ved synleg skitne hender
    Hostehygiene
    Tilsett lærer barna som er store nok, god hostehygiene og å prøve å unngå å røre ansiktet eller auga sine.
    Bleieskift
    Tilsett bruker eingongshanskar ved bleieskift og god handhygiene etter bleieskift.

    Reinhald under covid-19

    Under covid-19-utbrotet vil det vere forsterka reinhald i barnehagen. Barnehagen følgjer retningslinjene frå Folkehelseinstituttet (Hygieneråd for førebygging av smittsame sjukdomar i barnehagen).

    Redusert kontakthyppigheit

    Kvar barnehage gjer lokale tiltak for å redusere nærkontakt mellom barna og mellom barn og tilsett. Eksempel er
    • små og faste grupper
    • faste sitjeplassar
    • forskjellige hente- og leveringstider
    • meir utetid
    • leikeplassen blir delt inn i sonar.
    aaa
  • Lover og forskrifter
  • Skjema
  • Saksbehandling

    Klagemulighet

    Dersom du er misfornøgd med smittevernet, hygienen eller reinhaldet til barnehagen kan du klage direkte til leiinga til barnehagen. Du kan også sende ei skriftleg klage til kommunen.
    Dersom kommunen avviser meldinga, kan du fremje ein formell klage på dette vedtaket. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket frå kommunen.
    Du kan også klage til fylkesmannen i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Eining for helse og habilitering
    Telefon:35048400
    Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen
  • Andre opplysningar