Vilkår for å få tilskot:

  • Det blir gitt lønstilskot på kr 35,-pr time i minimum 50, maksimum 150 timar. 
  • Ungdommen må ha fylt 16 år, vere under 18 år og registrert som busett i kommunen.
  • Det blir berre gitt lønstilskot for arbeid utført innafor normalperiode for skuleferie.
  • For å kunne søke om lønstilskot for ungdom, må tilsetjinga være knytt til eit organisasjonsnummer.

Verksemda forpliktar seg til å betale minimum 80% av kommunen si løn for unge arbeidstakarar og må forplikte seg til å følgje tariffavtale i høve til arbeidsforhold som gjeld for unge arbeidstakarar.

Søknaden skal innehalde namn og fødselsdato på skuleungdommen og sendast til:

Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen
E-post: postmottak@nissedal.kommune.no


Ved spørsmål, kontakt Ann Kristin Nordbø tlf: 35 04 84 17
E-post: ann.nordbo@nissedal.kommune.no


Søknadsfrist: 20. mai 2024