​Det kjem ikkje til å vere tannlege der, men tannpleiaren sender henvisning til Drangedal tannklinikk. 
Treungen tannklinikk samarbeider med Drangedal tannklinikk. 

Kva gjer tannpleiaren: 

  • Undersøkingar/ kontrollar  
  • Tek røntgenbilde  
  • Fjernar tannstein  
  • Pussar behandlar tannkjøttsjukdomar (periodontitt)  
  • Vurderar tannstilling/henvisning til kjeveortoped  
  • Veiledning/instruksjon til pasient mm.  

Ein viktig del av tannpleiarens arbeidsfelt er fokus på helsefremmande og førebyggande arbeid. Tannpleieren vil også tilby besøk i barnehage, skule og institusjon med undervisningsopplegg innanfor tannhelse. Nissedal omsorgssenter vil også få årleg tilsyn. 

Den offentlege tannhelsetenesta gjer gratis tannbehandling til alle mellom 0 til 18 år og grupper med rett til fri tannbehanding: 

  • Psykisk utviklingshemmede (eldre enn 18 år). 
  • Grupper av eldre, uføre og langtidssyke som er innlagt i institusjon. 
  • Grupper av eldre, uføre og langtidssyke i hjemmesykepleie. 

I tillegg har 19 og 20-åringar rett til tannbehandling mot 25 prosent eigenandel. Vi tek også imot vaksne betalande pasientar. Alle innanfor dei prioriterte gruppene vil heretter få innkalling til tannpleier i Treungen. Ved behov henvisast det til tannlege i Drangedal. Tannpleiar kan også henvise til kjeveortoped (reguleringstannlege), oral kirurg og andre spesialistar. 

Velkommen til Treungen tannklinikk!