Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Trus- og livssynssamfunn - tilskott

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Registrerte trus- og livssynssamfunn kan krevje statleg og kommunalt tilskott. Det kommunale tilskottet blir rekna ut på grunnlag av kommunen sitt budsjetterte utlegg til Den norske kyrkja, fordelt på kvart statskyrkjemedlem i kommunen. Søknad om kommunalt og statleg tilskott sendast samla.

Målgruppe

Trus- og livssynssamfunn

Kriterium/vilkår

For å ha rett til kommunal støtte må trus- eller livssynssamfunnet ha rett til statleg støtte. Det er Fylkesmannen som avgjer om eit trus- eller livssynssamfunn har rett til det statlege tilskottet. Ein kan berre krevje tilskott for medlemmer som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja eller eit anna trus- eller livssynssamfunn som får tilskott. Tilskott til trussamfunn skal gå til religiøse føremål. Tilskott til livssynssamfunn skal gå til føremål som fell inn under virket som livssynssamfunn.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Samarbeidspartnarar

Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn

aaa

Rettleiing - korleis få utført

Leiaren for det styrande organet til trus- eller livssynssamfunnet sender ein skriftleg søknad.

Vedlegg

  • Organisasjonsnummer frå Einingsregisteret (meir informasjon får du frå Brønnøysundregistra, tlf: 75 00 75 00)
  • Rekneskap og årsmelding frå ev. føregåande tilskottsår
  • Oversikt over fødselsnummer for alle medlemmer med rett til tilskott. For samfunn med meir enn 100 medlemmer skal oversikten liggje føre digitalt på CD eller minnepenn

Søknadsfrist

Fristen for blir trutt- og livssynssamfunn til å sende krav til Fylkesmannen om statleg og kommunalt tilskot er 1. mars kvart år (fell 1. mars på ein laurdag, søndag eller annan heilagdag, blir forskuvd fristen til fyrste følgjande kvardag).
 
Frist for blir trutt- og livssynssamfunn til å sende inn årsmelding og rekneskap er 10. april
Fristen for blir trutt- og livssynssamfunn til å sende årsmelding og rekneskap til Fylkesmannen er 10. april kvart år (fell 10. april på ein laurdag, søndag eller annan heilagdag, blir forskuvd fristen til fyrste følgjande kvardag). Samfunna kan søkje Fylkesmannen om forlenging av denne fristen.     

Søknaden sendes til

Søknaden om statleg og kommunalt tilskott skal ikkje sendast til kommunen, men til Fylkesmannen i det fylket der samfunnet har hovudsetet sitt.

Saksbehandling

Fylkesmannen vidaresender medlemsoversikt med fødselsnummer til Brønnøysundregistra. Brønnøysundregistra kontrollerer alle fødselsnumra opp mot det sentrale folkeregisteret. Det vil berre bli utbetalt tilskott for medlemmer med gyldig fødselsnummer.

Klagemulighet

Organisasjonen kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå vedtaket blei teke imot. Klaga skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal det førast opp kva ein ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Fylkesmannen behandlar klager over kommunale vedtak om tilskott. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Merknader


___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Fellestenesta
Telefon:35048400
Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

Kontaktpersoner

Navn:Anne Torhild Gravir Rønningen
Tittel:Konsulent - fakturering
Telefon:35 04 84 17
Epost:anne.ronningen@nissedal.kommune.no

Andre opplysningar

Oppdatert:2018-12-07 09:02
Gyldig fra2012-12-28
Gyldig til2019-12-31