Vi kan tilby vasstrampoline,bordtennisbord, hengekøye og grill.

Ynskjer du å prøve bordtennisbordet kan du låne racket og ball hos Treungen Sport & Fritid, eller ta med ditt eige utstyr.

For å nytte vasstrampolina, må du vite at du badar på eige ansvar, og at du må bruke redningsvest/flytevest om du ikkje er god til å symje.

Du må halde deg til reglane til trampolina for å kunne nytte den.

Reglar for bruk av trampolina:

  1. All leik og bading er på eige ansvar.
  2. Du må vere symjedyktig eller ha redningsvest for å kunne bruke trampolina.
  3. Du må halde deg til dei nasjonale smittevernreglane - 1 meters avstand.
  4. Maks 6 barn/unge på trampolina om gongen

Tips til deg som nyttar trampolina:

  • Du må vere god til å symje, for du kjem til å bli sliten. Vasstrampolina er fysisk krevjande, og det er eit stykke å symje ut og inn til trampolina. Om du er i tvil, bruk vest.
  • Det anbefalast bruk av vest til og med 7. klasse.

Vi håpar du vil kose deg hjå oss, og ynskjer deg ein god sommar.