Samferdselsdepartementet har bedt Statens Vegvesen utarbeide eit oppdragsark «ny bru Tveitsund» i samband med neste rullering av Nasjonal Transportplan (NTP).

Då fristen for slike innspel nærmar seg er det viktig å kome i gang med planarbeidet rundt ei ny bru. I arbeidsmøtet vil me sjå på gjeldande planstatus og diskutere, saman med Statens Vegvesen, dei beste alternativa for ei framtidig bru.

Alle som har interesse i ny bru er velkomne!

Kor møtet skal vere er avhengig av kor mange som melder seg på. Informasjon om møteplass vil bli gitt etter påmeldingsfristen har gått ut.

Påmelding innan 15. oktober til Hildegunn Rønningen:

e-post: hildegunn.ronningen@nissedal.kommune.no eller på mobil 916 28 904.

 

Med vennleg helsing

Halvor Homme

ordførar