I peparkakebygda passar alt mogleg inn, både signalbygg, fantasi- og eventyrhus, bygg det du vil!

Alle aldersgrupper er velkomne til å delta - eit byggverk pr. deltakar!

Me tek i mot byggverk måndag 30. november - fredag 4. desember mellom kl. 08.00-15.30 i resepsjonen på kommunehuset.

ALLE SOM DELTEK VIL BLI MED I TREKNINGA AV TO GÅVEKORT À KR. 750,- FRÅ SPAR TREUNGEN.

Trekninga skjer 23. desember. Vinnarane vil bli kontakta og annonsert.

Utstillinga vil vere open frå 7.- 31. desember. Den vil bli satt opp i rommet inn mot kommunestyresalen slik at alle som vil kan ta ein kikk på utstillinga.
Det vil også bli tatt bilete av alle bidraga, med namn på bakarane, og lagt ut på kommunen si Facebook-side.

Tips til bakinga:

  • Gjer det enkelt.
  • Bruk gjerne limpistol til å sette saman byggverket.
  • Fokuser på sjølve pyntinga – koselege/artige bygg skapar engasjement!
  • Lys (led-lys) gjer bygget ditt synleg og gjev fin atmosfære til.