Alle aldersgrupper er velkomne til å delta - eit byggverk pr. deltakar!

Me håpar at flest mogleg blir med å bake i  år også slik at me kan bygge vår heilt eiga peparkakebygd her i kommunen!
I peparkakebygda passar alt mogleg inn, både signalbygg, fantasi- og eventyrhus, bygg det du vil!


Alle som deltek vil bli med i trekninga av to gåvekort à kr. 750,- frå Spar Treungen, eit gåvekort à kr. 500,- frå Nisser Hyttegrend og Camping og honning frå Halvor Homme! 

Trekninga skjer 23. desember. Vinnarane vil bli kontakta og annonsert.
 
Utstillinga vil vere open frå 6.- 31. desember. Den vil bli satt opp i rommet inn mot kommunestyresalen slik at alle som vil kan ta ein kikk på utstillinga.
Det vil også bli tatt bilete av alle bidraga, med namn på bakarane, og lagt ut på kommunen si Facebook-side.
 
Tips til bakinga:

  • Gjer det enkelt.
  • Bruk gjerne limpistol til å sette saman byggverket.
  • Fokuser på sjølve pyntinga – koselege/artige bygg skapar engasjement!
  • Lys (led-lys) gjer bygget ditt synleg og gjev fin atmosfære til.