Nå kan innbyggarane i Vest-Telemark søke om sosialhjelp digitalt

Innbyggarar i Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal kan nå velge å søke sosialhjelp digitalt i staden for på papirskjema. Den nye løysinga gjer at innbyggarane kan søke heimefrå heile døgnet, også via mobilen sin.

Fram til nå har innbyggarane i Vest-Telemark måtta søke om økonomisk sosialhjelp på papir. Spesielt etter at koronapandemien kom og NAV-kontora begrensa sine opningstider på grunn av smittefare, har det å måtte sende post eller reise til postkassa utanfor NAV-kontora for å levere papirsøknad kunne opplevast som tungvint.

Enklare å søke

Gerd Kari Skaalen, NAV Vest-Telemark er derfor veldig fornøgd med å få denne løysinga på plass nå, og håpar det vil gjere det enklare for dei som har behov for å søke om sosialhjelp.

- Innbyggarane forventar at sosialtenesten er tilgjengeleg i digitale kanalar, i tråd med digitaliseringa i NAV og i samfunnet generelt, seier Gerd Kari Skaalen.

Logg inn på nav.no

For å søke sosialhjelp digitalt må ein logge seg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysingar. Erfaringane frå dei kommunane som har tatt løysinga i bruk er gode og at mange brukarar føretrekke å søke digitalt. Søkarar som av ulike årsakar ikkje kan eller vil benytte seg av den digitale kanalen, kan framleis bruke papirsøknad.

Treng ein hjelp til utfyllinga, kan ein ringe NAV Vest-Telemark direkte på 406 32 381 og få rettleiing over telefon.

Kontaktperson for meir informasjon:

Gerd Kari Skaalen, leiar ved NAV Vest-Telemark, telefon 958 32 211.