Heimel for kommunal politivedtekt følgjer av lov om politiet av 4. august 1995 nr. 53 § 14.

Sidan vedtakinga av den gjeldande normalpolitivedtekta frå 1996, har det skjedd ei rekke lovendringar som har ført til endringar i kva som kan reguleras i politivedtekt. Det har difor vore behov for å utarbeide ei ny normalpolitivedtekt med utgangspunkt i tidlegare utgåve.

Fullmaktsregelen i politiloven § 14 byggjer på prinsippet om at politivedtekter ikkje bør regulere tilhøve:

  • som er uttømmande regulert i eller i medhald av anna lov
  • som andre styresmakter har overteke det faglege ansvaret for
  • som etter si art bør vere politiet uvedkomande
  • som ikkje er føremålstenleg eller som er overflødige etter dagens samfunnsforhold og alminnelege toleransegrenser

Som i tidlegare normalpolitivedtekter har ein likevel ikkje vore heilt konsekvent i høve til anna lovgiving. Forbod i andre lover mot ulike former for forsøpling og tilgrising, m.a. i forureiningslova og veglova, er spreidde og primært knytt til konkrete føremål. Her har ein funne at politivedtektene bør kunne innehalde praktisk viktige reglar med sikte på å oppretthalde eit godt lokalmiljø. Politivedtektene bør t.d. kunne forby flaskeknusing og plakatklistring utan at det er naudsynt å gå inn på forholdet til anna lovgjeving. Ein peiker også på at sjølv om t.d. forureiningslova regulerer tilhøve som går inn under ny § 5-1 nr. 1, inneheld den ikkje nokon tilsvarande straffetrussel. Det er viktig at eventuelle forbod vert utforma så presist som mogleg, slik at det ikkje oppstår særleg tvil med omsyn til praktiseringa av forbodet.

Politilova § 14. nr. 6 gjev heimel gjennom kommunal politivedtekt å regulere ervervsverksemd på offentleg stad som ikkje fell inn under regulering i andre lover. Her kan kommunen eksempelvis gi føresegner om fotografer som tilbyr sine tenester til forbipasserande og anna næringsverksemd som ikkje fell inn under anna regelverk.

Nissedal kommune sine politivedtekter er frå 1950, sist revidert i 2010. Gjeldande politivedtekt bygger på tidlegare normalpolitivedtekt.

Nissedal formannskap gjorde i sitt møte den 19.5.2022 i sak 46/22 slikt vedtak:

«Nissedal formannskap legg framlegg til revidert forskrift om politivedtekt for Nissedal kommune ut på Høyring.

Høyringsfristen er 6.6.2022»

Høyringssvar sendast som e-post til info@nissedal.kommune.no

Les heile saka her, tre vedlegg:

  1.  Høyringsbrev PDF document                 
  2. Framlegg til ny forskrift PDF document                
  3. Gjeldande forskrift PDF document

Sverre Sæter

Nissedal kommune
kommunedirektør