Denne månaden har vi ekstra fokus på mangfald, likeverd, aksept, respekt og inkludering i barnehagar og skular i kommunen.

Kva er likeverd og inkludering, utdrag frå Nasjonal digital læringsarena (omsett til nynorsk):

Likeverd og inkludering er sentrale verdiar i samfunnets danning av barn og unge. Det betyr at alle menneske har same verdi og skal ha like høve til deltaking uansett bakgrunn og særpreg. Alle skal oppleve å vere akseptert i fellesskapet, og ingen skal stå utanfor.
Inkludering er ein verdi, ein haldning vi har. Det handlar om at barn og unge skal kunne  delta i fellesskapet. Dei skal få oppleve å høyre til i leik, aktivitetar og daglege gjeremål. Dei skal kjenne at dei høyrer til, at dei er ønska og verdsett, og at de er viktige deltakarar i fellesskapet.
Målet med inkludering er ikkje at alle er like, men at alle har lik rett til å delta og oppleve følelsen av å vere inkludert. Alle skal kunne føle at dei høyrer til i det fellesskapet kan tilby av moglegheitar og plikter.

Kvifor er dette viktig?:

Barn og unge som ikkje opplever å høyre til og ikkje føler seg inkludert, kan oppleve einsemd og isolasjon. Det kan vere negativt for den enkeltes psykiske helse. Dette gjeld i familie, i barnehage/skule/fritid og i samfunnet generelt.
I dagens samfunn kan det vere vanskeleg å vere ulik, ulik på grunn av til dømes etnisitet, religion, funksjonshemming eller seksuell legning 
Med inkluderingsdagen og å henge opp inkluderingsflagget, markerer vi at i Nissedal kommune er ALLE verdsett, inkludert og akseptert for den dei er.
Tema om inkludering vert jobba med heile året, i teori og i praksis. Likevel er det viktig at vi i periodar har ekstra fokus. Det gjer vi i barnehagar og skular i juni, slik det er vedteke i Nissedal kommunes handlingsprogram for 2024.

Arbeidet med inkludering er vi mange som jobbar saman om.

Har du spørsmål, eller ynskjer å snakke med oss?

Då kan du ta kontakt med: