Barnehage og SFO stengde frå 13. mars, og er førebels stengt til over påske.
Mars månad har de allereie fått faktura på med frist 20.03, og mange har betalt den.
Vi ber om at denne blir betalt som vanleg innan fristen, dersom det ikkje alt er gjort.
Vi stoppar nå utsending av faktura denne veka, som ville gjelde for april månad.
Dersom tilbodet framleis er stengt utover påske, vil vi halde igjen alle fakturaer inntil tenestetilboda er tilbake som normalt.
Når vi er tilbake i normalsituasjon, vil det bli gjort ei avrekning slik at ein berre har betalt for det tilbodet ein faktisk har fått.

Nokre få barnehagebarn og skuleelevar har eit redusert tilbod i dag. Barnepass for dei som har båe foreldra/eineforsørgjar i samfunnskritiske yrke, og barn med særskilte omsorgsbehov. Vi avventar beskjed frå regjeringa på betalingssats for desse gruppene, og det vil derfor også bli gjort opp for i etterkant.

Ber om at alle forheld seg til råd og retningsliner frå styresmaktane i denne vanskelege tida. Ta vare på kvarandre og dei rundt deg.

 

Reidun Carol Retterholt
Einingsleiar for skule
Konstituert einingsleiar for barnehage