Da kan Nissedal kommune informere om at frå 27.05.2020 vil den kommunale vassforsyninga til Kyrkjebygda komme frå vassverket i Treungen.

SÅ KVA SKJER NÅ ?

27.05.2020 vrir vi om ventilane som gjer at dagens vassverk i Kyrkjebygda/Nissedal koplast ut og vatn frå Treungen vassverk vil bli den nye kommunale vassforsyninga. Det vil sjølvsagt ta tid før alt vatnet er byttet ut i heile nettet, og bytte av vasskjelde vil nok gi både driftspersonell og abonnentar litt utfordringar i oppstarten. Dette kan di lese meir om lengre ned i informasjonsskrivet.

Nå er vi i hamn 4 store prosjekt, og truleg satt norgesrekord i trykk på ledningsnett for drikkevann med 60 bar ut frå den nye trykkaukaren ned ved innkjøringa til Kyrkjebygdheia – Tingsto opp på Kyrkjebygdheia og 2,5 mila med vassledning frå Treungen til den nye trykkaukaren på Tingsto. Planen var at dette skulle skje i januar men har blitt noe forsinka også kom Corona`n..... Dykk vil nå få eit vatn som har fargefjerning, desinfisering og har svært god kvalitet med tanke på bakteriar.

Kva for utfordringar kan oppstå når ein skal bytte vasskjelde ?

I alt ledningsnett vil det til ein kvar tid være det ein kallar for biofilm.

Biofilm er definera som eit strukturert samfunn av bakteriar som er festa til ei overflate og til kvarandre. Bakteriane er innkapsla i eit form for slim. Dette slimet gir bakteriane ein økt overlevingsmoglegheit.

Desse bakteriane er IKKJE farlege – og er det ein ser som kimtal når ein analyserer på drikkevassprøver. Den bakteriefloraen og biofilmen som finnes i ledningsnettet er tilpassa det vatnet som er i ledningsnettet i dag, så kva kan da skje når ein endrar vasskjelde ?

Kjemien i det nye vatnet er ikkje lik den gamle og ein del av bakteriane vil ikkje klare å overleve i det nye vatnet. Når desse døyr vil også biofilmen løsne frå røyra og følge med vatnet som renn i ledningane, dette kan opplevast som grums og økt farge i vatnet for abonnentane.

I tillegg til at ein får utfordringar ved bytte av sjølve vasskjelda så skal ein også snu vassretninga på ledningsnettet som gjer sjansen for at ein får utfelling ennå større.

Det er i forkant av at ein skal bytte vasskjelde spyla alle vassledningar og tankar i det eksisterande nettet på kyrkjebygdheia for å prøve å få så lite utfelling som mogleg. Og ein vil spyle alle vasstankane på nytt når ny vasskjelde er teken i bruk.

NOKON GODE RÅD DERSOM EIN OPPLEVER GRUMSETE ELLER BRUNT VATN;

  • Opne ei vasskran med kaldt vatn og la vatnet renne til det er klart.
  • Bruk helst vasskrana som er nærmast vassinntaket til bustaden/hytta og skru av evt. sil på tuppen av krana.
  • Du bør ikkje trekke ned i toalettet så lenge du har brunt vatn i springen. Du kan nytte toalettet men skyll da ned med vatn frå bøtter.
  • Unngå å tappe vatn frå varmtvasstanken for å hindre grums i denne.
  • Utsett lys klesvask til vatnet er klart igjen. Om du er uheldig og får brunfarge på klesvasken, anbefaler vi at du held klesvaska våt til du får vasket den i reint og klart vatn. Tørkar klærne så kan dei bli missfarga.

TIL DYKK SOM HAR HYTTE PÅ KYRKJEBYGDHEIA - VAKTORDNING OG DRIFT

Sjølv om kommunen har overtatt ansvaret for levering av vatn vil det vere KYRKJEBYGDHEIA AS som fortsatt har vakt og vil stå for den daglege drifta fram til sommaren/hausten 2020. Så om det oppstår problem så skal dykk fortsatt ringe vakttelefonen til Kyrkjebygdheia AS – 469 42 805. Vi vil gi abonnentane beskjed den dagen kommunen også overtek drift og vaktansvaret på Kyrkjebygdheia.

Om det skulle være spørsmål rundt dette med vassforsyning så kan dykk kontakte;

  • Nissedal kommune ved Einingsleiar for teknisk drift, Kristin Kyrkjerud Vaa – 905 39 498
  • Nissedal kommune ved Avdelingsleiar VA, Ben David Berås – 916 70 012

Med helsing
Alle oss i eining for Teknisk drift i Nissedal kommune