Mange undrar seg nok over kvifor smittetala har auka så mykje over kort tid, og vi vil difor sei nokre ord om dette for å prøve å forklare situasjonen vi nå står i. 

Hovudårsaka til dei høge tala er nok fordi smitta har starta hjå barn og unge i kommunen, og at familiar har valt å ikkje isolere borna på grunn av omsorgsbehov (noko som forståeleg kan vere vanskeleg, særskilt i jolehøgtida). 

Når den smitta ikkje isolerast spreier smitta seg naturleg nok til resten av familien. Med fleire smitta storfamiliar samtidig vil dette gi eit høgt totalt smittetal. Med lågt totalt innbyggjartal i Nissedal vil prosentandelen smitta bli relativt høg samanlikna med kommunar med høgt innbyggjartal. Statistikken kan difor sjå litt urovekkande ut. 

Smittesporingsteamet i kommunen har god oversikt over dei smitta og deira familiar, og dei siste smittetala er difor relativt som forventa.

Sidan sist oppdatering, tysdag 28.12. er det 16 nye smitta, og desse er i hovudsak husstandsmedlemmer til tidligare smitta. 

Smittesporingsteamet
Nissedal kommune