Prosjektet er i regi av Utdanningsdirektoratet, og har mellom anna som mål at alle tilsette i barnehagane i Nissedal og Nissedalskulen skal auke sin kompetanse i:

  • Å fremje trygge og gode barnehage- og skulemiljø
  • Å førebygge mobbing og andre krenkingar
  • Å handtere mobbing og andre krenkingar

«Hele barnet – hele løpetl» -sei professor i spesialpedagogikk ved UIA, Ingrid Lund. Det å fremje eit trygt og godt oppvekstmiljø krev eit tett samarbeid mellom t.d. barnehage, skule, SFO, helsetenesta, leiarar av ulike fritidstilbod og ikkje minst foreldre. Me må alle arbeide saman for å sikre at alle barna i Nissedal kjenner seg inkludert og har ein verdifull plass i eit fellesskap! Barn i vår kommune skal kjenne på at: «du passer inn»

For barnehagane i Nissedal medfører det at me arbeider med merksemd på mobbeåtferd i barnehagen; temaforståing – førebygging – tiltak.

For Nissedalskulen medfører det at me har satt eit større fokus på: Klasseleiing, heim-/ skule samarbeid og livsmestring.

Me meiner at dette er viktige tema for å skape større forståing av eit inkluderande barnehage- og skulemiljø. Me må arbeide med vaksenrolla.

«de voksne så liksom bare forbi» (sitat frå barn som har opplevd å bli krenka).

Dei vaksne sine haldningar, kunnskap og handlingar i møte med barn og unge i barnehage og skule er vesentleg for å førebyggje og stoppe krenkingar mot barna våre.

Det er viktig at me vaksne i barnehage og skule forstend at me kan gjere ein forskjell!

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/skolemiljo/