Ei av brannvesenets viktigaste oppgåver er å hjelpe dei som treng det, og difor ynskjer me at dykk også skal få moglegheit til å delta.

Me veit at det er mange mødre og born som har flykta frå eit land i krig, og har berre det dei står og går i. Me ynskjer difor å sette fokus på desse under innsamlinga. Pengane som kjem inn blir øyremerka hygieneartiklar til kvinner.

Ein veit også at det er mange born som har opplevd mykje vondt, og me ynskjer difor å gje våre eigne born og ungdomar moglegheit til å bidra ved å samle inn kosedyr (husk at dei må vere heile og reine).

Laurdag 02.04 frå kl. 11-14 vil me vere på plass utanfor kommunehuset og samle inn pengar via vaffelsal, vipps, kontant og bankoverføring. Som ein bonus kjem me med brannbilar som både born og vaksne-born kan få prøvesitte i, prøve klede som me nyttar under innsats osv. Me kjem også til å svare på spørsmål og gje info om brann og redning.

I tillegg er me så heldige at vår eigen brannbamse BJØRNIS kjem for å vil helse på borna i 13-tida.

Innsamla pengar og kosedyr vil gå via Røde Kors i Skien

Velkomen til oss på laurdag !!