Kulturprisen vert delt ut annankvart år.

Prisen er på kr 10.000,- og kan delast ut til enkeltpersonar, grupper eller lag i Nissedal.

Har du forslag til kven som fortener prisen i år? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Send forslag og grunngjeving for forslaget til eining for kultur.

Retningsliner:
Kulturprisen kan bli delt ut til ein eller to: 

  • Personar
  • Lag/organisasjonar/foreiningar
  • Institusjonar

som er frå, eller bur i Nissedal kommune, og som har gjort eller gjer ein kulturell innsats utover det vanlege innanfor det utvida kulturområdet.

Dersom prisen ikkje blir delt ut, kan formannskapet nytte løyvinga til andre kulturelle formål.

Kvart andre år skal det bli kunngjort i distriktets aviser at framlegg til kulturpriskandidat/-ar må bli sendt til eining for kultur innan 01.09.

Send forslag til kandidat på e-post til anne.espelid@nissedal.kommune.no .

Formannskapet er ikkje bunde av innkomne framlegg, og kan på eige initiativ take opp framlegg til kandidat/-ar til kulturprisen.

Formannskapet avgjer utdeling av kulturprisen og leiaren av formannskapet overrekker prisen.

Her kan du sjå kven som har fått kulturprisen før.