Når mange brukar mykje vatn samstundes kan vassverket få problem med å produsere nok vatn både til å levere til abonnentar direkte på nett og til å fylle bassenga knytt til vassverket. Ein del abonnentar vil då kunne oppleve dårleg vasstrykk, fordi andre lågare på leidningsnettet brukar for mykje. Ingen leidningsnett er dimensjonert for å handtere hagevatning, det er dimensjonert for å handtere normalt hushaldingsforbruk.

På veldig varme dagar både doblar og tredoblar forbruket seg. Verken vassverket eller leidningsnettet er dimensjonert for eit så høgt forbruk over tid, og i verste fall risikerer vi at vatnet som leverast ikkje er hygienisk sikkert.

Ein kan også risikere at det blir problem med å levere vann til brannslokking.

Vi på teknisk ber derfor om at alle fylgjer dei restriksjonane som er gitt slik at vi kan sikre nok og trygt vatn til alle våre abonnentar også i periodar med godt sommarver over lengre tid.

 

GOD SOMMAR FRÅ ALLE OSS PÅ VA-AVDELINGA