Han kan anten gå til lag og organisasjonar som yter ekstra nestekjærleg omsorg, eller ein skild menneske som er med på å gjere lokalsamfunna i Vest – Telemark varmare.

I år er det Liv Lia frå Nissedal som fekk prisen i nær fullsett Treungen kyrkje under Diakonisamlinga for Vest- Telemark (sundag kveld ), og forsamlinga klappa lenge og vel for ein omtykt prisvinnar.

Styreleiar i Diakonatet Oscar J. Garnes lista opp ein lang diakonal CV om eit menneske som tydeleg og venleg i møte med alle menneske, og som har delteke i mange ulike oppgåver som frivillige. Nattkafevert, engasjert pizzasnurtbakar for konfirmantane og ansvarleg for blomane på altaret i Treungen kyrkje.