Det er venta svært mykje nedbør i delar av Sør-Noreg måndag og tysdag. Nedbøren vil kome både som regn og regnbyger. Mest nedbør er venta frå måndag ettermiddag til tysdag kveld, med 40-60 mm/24 t. Lokalt kan det kome endå meir. 

NVE har oppgradert farevarselet for flom, jord-, og flomskred frå oransje til raudt nivå for delar av Sør-Noreg.

Her kan du lese varselet frå MET om mykje regn
Her kan du lese om ekstremvêret "Hans"