Føremål med nasjonale prøver

Føremålet med dei nasjonale prøvene er å gje skulane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet.   

Her kan du lese meir om nasjonale prøver


Tveit skule/Nissedal ungdomsskule  

I perioden 22-30. september vil det bli gjennomført nasjonale prøver ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule for elevar i 5., 8. og 9. trinn.

  • Elevar på 5. og 8. trinn skal gjennomføre nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk.
  • Elevar på 9. trinn skal gjennomføre nasjonale prøver i lesing og rekning.

Prøvene i lesing og rekning tek inntil 90 minuttar å løyse, mens det tek inntil 60 minuttar å løyse ei prøve i engelsk.   
 

Kyrkjebygda oppvekstsenter

I Kyrkjebygda blir dei nasjonale prøvene gjennomført i 5.klasse på desse datoane: 

  • Engelsk 21.09.
  • Rekning 24.09
  • Lesing 28.09