– Faste utsalsstader kan halde sundagsope gjennom heile året. Arealet som «typisk turiststad» er naturleg avgrensa og samanfallande med kommunegrensa, skriv Statsforvaltaren i brevet til kommunen.

Direktør Per Arne Andreassen i Justis- og vergemålsavdelingen presiserar at det er opp til kvar enkelt butikk om og når dei held sundagsope, men forskrifta opnar for heile døgnet alle sundagar og heilagdagar året rundt.

Det har ikkje kome innvendingar mot Nissedal som typisk turiststad, men organisasjonar og etatar har i høyring understreka at det er ein føresetnad at dei næringsdrivande fylgjer arbeidsmiljølovas reglar for arbeidstid- og fri.

Statsforvaltaren skriv vidare at Nissedal er ein kommune med få faste innbyggjarar i høve til kor mange turistar som besøker kommunen kvart år, og at talet på daglegvarebutikkar er langt over det ein kan forvente basera på faste innbyggjarar.

– Me meiner at kommunen har dei kvalifikasjonane som bør liggje til rette for å bli definera som ein typisk turiststad. Det er forventa ytterlegare turisme i framtida, og veksten i reiselivsnæringa peikar i retning av ein heilårleg turistkommune der ein stadig større del av salet skjer til tilreisande, skriv Statsforvaltaren.

Forskrifta er gyldig frå offentleggjering på Lovdata i løpet av veka, og så er det altså opp til kvar enkelt butikk kor sundagsope Nissedal blir!

Her finn du brevet frå Statsforvaltaren!