Han kom frå jobben som sjølvstendig næringsdrivande, og har over 30 års røynsle som journalist, leiar og prosjektarbeidar i aviser, radio og TV – og ytterlegare fleire års arbeid med rådgjeving, kommunikasjon og formidling. 
 
Nissedal kommune er svært nøgd med å ha knytt Styrk til oss.
 
Arbeid med å legge til rette for næringsutvikling er ei sentral oppgåve for Nissedal kommune. Denne rekrutteringa er eit viktig ledd i å bygge eit solid fagmiljø i eit utvida plankontor. Sveinung Seljås, som var plansjef, er nå blitt kommunalsjef for både byggesaker, plan- og oppmålingssaker og næring, turisme, reiseliv  og delar av kultur. Denne satsinga vil merkast ved at der me allereie er offensive vil det breie fagmiljøet skape meirverdiar som set oss i stand til endeleg å kunne dyrka fram våre fortrinn.   
 
Kommunedirektøren
 

Her er nokre ord frå næringssjefen:

Stolt av å vere frå Nissedal

Når folk eg møter spør kor eg og dialekten min kjem frå, har eg støtt svara Nissedal i Vest-Telemark og vore stolt av det! Eg er heimefødd i Tveitsund, oppvaksen i Treungen og budde sist i Nissedal i 1985.

Det er ei ære å få tilbod om jobben der Nissedal leita etter ein pådrivar for næringsutviklinga i kommunen! I utlysinga blei det peika på at det er viktig med ein arbeidsmåte retta mot løysingar og resultat. Som sjølvstendig næringsdrivande gjennom mange år er eg vel kjend med utfordringar og moglegheiter som ligg i det å satse. Og kanskje er nett det å våge satse det viktigaste.

Eg har mykje å lære i den nye jobben – og eg har mykje å gi! Det er stas å få bli ein del av laget til bygdekommunen Nissedal med så mange kvalitetar. Og spør du meg – folka er det viktigaste for at me saman skal lukkast med å gjere Nissedal til eit fyrsteklasses bygdeval for både næringsdrivande, fastbuande, gjester og farande. Eg gler meg til å bli kjend med 2022-utgåva av Nissedal og bli ein del av gjengen – gjengen som heiar på kvarandre og alle som vågar å satse.

Helsing
Styrk Fjærtoft