Han har mastegrader i historie og spansk filologi frå Universitetet i Oslo, og held på å ferdiggjere mastergrad i skoleleiing ved same universitet, der han skriv om korleis dei fysiske og arkitektoniske forholda påverkar resultata og trivsel til elevane. Han har og tre bachelorgrader i kunsthistorie, arkeologi og antikke studier, samt studier i psykologi. Han er difor fagleg godt rusta til å ta over roret ved Tveit skule og Nissedal undomsskule etter Reidun Carol Retterholt, som no er einingsleiar.  

Marius har jobba som lektor ved Greveskogen videregående skole i Tønsberg og Bø vidaregåande skule i totalt 12 år, der han har undervist i faga historie, spansk, psykologi, politikk og menneskerettar, italiensk og samfunnsfag.  

Dei siste åra har han og jobba som nettredaktør for Nettskolen Vestfold og hatt ansvar for den digitale undervisninga i Spansk III i Vestfold og Telemark. Han har jobba som koordinator for framandspråkseksjonen ved Greveskogen vgs. i Vestfold, leiar for Nettverket for fremmedspråk, og dermed god erfaring med ledelse, koordinering og samarbeid mellom ansatte innen samme virksomheit, og mellom ulike virksomheter. I 2017 blei Marius tildelt prisen som Årets Nettlærar i Noreg. Digital kunnskap har stått sentralt i all hans undervisning, og han har vore med på å utviklede digitale hjelpemiddel og nettsider for undervisning. 

Marius har foreldre frå Italia og har hatt det meste av oppveksten i Galicia i Nord-Spania. Han jobba fleire år som leiar i privat sektor, og hadde eige firma for interiør og design. 

Marius brenn for at alle elevar skal lykkast med å gjennomføre skule og utdanning, og hovudverdiane frå Læreplanen for gunnskulen om menneskeverd, identitet og kulturelt mangfold står sterkt for han. For å lykkast med dette meiner Marius ein må ha gode kollegaer som trivast i jobben sin, og at prinsippa om demokrati og medvirkning gjennomsyrer både arbeidsmiljøet og den pedagogiske tilnærminga til elevane. Dette vil føre til skaperglede, engasjement og utforskartrang, men ikke minst evne til å tenke kritisk og være etisk bevisst, med respekt for kvarandre og miljøet. Elevanes identitet og sjølvbilete, meiningar og haldningar blir til i samspel med andre, og Marius ynskjer at skulen han no skal leie skal vere ein trygg stad for god sosial læring og utvikling.