Knut Nilsen er 51 år og kjem frå Nøtterøy. Han kjem frå stilling i teknisk avdeling i Færder kommune, og før det har han arbeidd 20 år i Exxon Norge AS. 

Han har bachelor i marineteknikk/maskiningeniør frå Høgskolen i Vestfold, og i tillegg har han utdanning som IWEC (internasjonal sveiseingeniør). 

Sambuaren til Knut har tidlegare budd i Treungen, og no har dei allereie kjøpt seg hus og flytta til kommunen - noko dei har gleda seg til!

Me ønskjer Knut velkomen som arbeidstakar og innbyggjar i Nissedal kommune!