Jonas Sørensen er 29 år, og kjem frå Arendal. Han har mastergrad i arealplanlegging frå Høgskulen på Vestlandet, og kjem frå stilling som arealplanleggar i Overhalla kommune. 
Han ser fram til spennande arbeidsoppgåver som kommuneplanleggar, og i tillegg er godt ver og nærleik til sørlandet eit stort pluss! 

Vidar Stigen er 40 år, og kjem frå Drangedal. Han har ein bachelor frå Universitetet  i Sørøst-Norge, avd. Porsgrunn innanfor ingeniør plan og infrastruktur, og han har bakgrunn frå anleggsbransjen. Vidar har allereie vore tilsett i om lag ein månad, og han syns det er interessante oppgåver og kjekt med arbeidsplass både ute og inne, samt at det er fin utsikt frå kontoret!

Me ønskjer Jonas og Vidar velkomne som arbeidstakarar i Nissedal kommune!