Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Status 25.05.20:

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Les meir her

Opplæring for elevar som brukar alternativ kommunikasjon (ASK)

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Barn, unge og vaksne som heilt eller delvis manglar tale, vil ha behov for alternative kommunikasjonsformer for å gjere seg forstådd. ASK er alternativ og supplerande kommunikasjon. Det kan til dømes vere ved bruk av handteikn, fotografi, grafiske symbol og fysiske gjenstandar.
     
    Skulen må difor ha tilgjenge til naudsynt utstyr for å kunne tilby ein elev ASK.

    Målgruppe

    Elevar i grunnskulen og vidaregåande, lærlingar og lærekandidater, vaksne elevar i grunnskulen.

    Kriterium/vilkår

    Skulen gjer ei vurdering, ein såkalt sakkyndig vurdering, om behovet for ASK.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå spesielt

    Opplæringsloven §§ 1-3, 2-16, 3-13, 4A-13

    Lover

    Opplæringslova

    ___
  • Skjema
  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Skulen pliktar å gje tilpassa opplæring (opplæringsloven § 1-3) og det er ikkje alltid naudsynt med enkeltvedtak for å tilby ASK.
     
    Ofte er ASK ein del av tilbodet om spesialundervisning. Og dersom utstyr til ASK krev opplæring for å ta det i bruk, må det fattast eit enkeltvedtak om spesialundervisning (opplæringsloven § 5-1 eller § 9a-2).
     
    Dersom elevar med behov for ASK har enkeltvedtak om spesialundervisning, skal eleven ha ein individuell opplæringsplan (IOP). Han skal konkretisera heile, eller deler av opplæringa, på bakgrunn av kompetansemålene i læreplanane for fag. Elevar som ikkje har spesialundervisning, følgjer læreplanane for fag i heilskapen sin. 
     
    Elevar i grunnskulealder med behov for ASK har som alle andre rett til å gå på nærskolen.

    Saksbehandlingstid

    Kommunen (for grunnskulen) og fylkeskommunen (for vidaregåande skule) skal handsame saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det vert anteke at vedtaket vert fatta.

    Klagemulighet

    Viss du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen/fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgt med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du henvende deg til kommunen/fylkeskommunen. Oppretthaldast avgjerd, vert saka sendt vidare til Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda til fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klaga skal takast til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Eining for skule
    Telefon:35048400
    Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Kontaktpersoner

    Navn:Roger Steinbakk
    Tittel:Einingsleiar
    Telefon:35 04 84 07
    Mobil:41 12 99 14
    Epost:Roger.Steinbakk@nissedal.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-07-05 10:11
    Gyldig fra
    2018-01-22
    Gyldig til
    2019-01-27