Opplæring i punktskrift/blindeskrift
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Kommunen vil sørgje for at elevar som er blinde eller har sterkt nedsett syn får eit likeverdig opplæringstilbod i nærmiljøet sitt. Kommunen vil også sørgje for at foreldra får den nødvendige opplæringa i punktskrift/blindeskrift slik at dei kan følgje opp i heimen.Eleven vil få alle dei vanlege undervisningstimane, i tillegg til opplæring i punktskrift og tekniske hjelpemiddel.Eleven kan også få opplæring i dagliglivet sine aktivitetar. Dette blir i så fall ei eiga vurdering som skulen gjer i samarbeid med PP-tenesta.Målgruppe
- Foreldre/føresette med blinde eller svaksynte barn
- Blinde og svaksynte barn i skulepliktig alder
Pris for tenesta
Tenesta er gratis.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesieltopplæringslova §§ 2-14 og 3-10forskrift til opplæringslova §§ 1-1 og 1-3.
Forskrifter
Forskrift til opplæringslova
Retningslinjer
Veileder i sosial inkludering av synshemmede elever i barne- og ungdomsskole (blindeforbundet)
Veileder om opplæring i punktskrift, mobilitet og bruk av tekniske hjelpemidler -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Før barnet begynner i fyrste klasse bør du som forelder/føresett ta kontakt med den framtidige skulen tidlegast mogeleg for å orientere om at, og når, barnet ditt skal begynne i 1. klasse.I samarbeid med PP-tenesta vil skulen gjere ei sakkunnig vurdering, og deretter fatte eit vedtak om opplæring i punktskrift.Skulen kan også tilby opplæring i dagliglivet sine aktivitetar. Denne typen opplæring fell inn under reglane for spesialundervising. Det betyr at skulen vil fatte eit vedtak om spesialundervising i tillegg til opplæringa i punktskrift. Dersom barnet ditt får eit vedtak om spesialundervising, skal den også ha ein individuell opplæringsplan (IOP). -
Saksbehandling
Klagemulighet
Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen/fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen/fylkeskommunen. Blir vedtaket Oppretthalden, blir saka send vidare til statsforvaltaren (for elevar i grunnskulen) og fylkeskommunen si klagenemnd (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klaga skal takast til følgje.
-
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: Eining for oppvekst og kultur Telefon: 35048400 Epost: postmottak@nissedal.kommune.no Postadresse: Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen Kontaktpersoner
Navn: Kim Andre Hølmo Tittel: Pedagogisk konsulent og barnehagemynde Telefon: 35048476 Epost: kim.holmo@nissedal.kommune.no -
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2022-01-28 16:03
- Gyldig fra
- 2017-10-16
- Gyldig til
- 2023-01-31