På Kyrkjebygda oppvekstsenter er det klappet og klart for oppstart allereie frå måndag 11.05. for 5.-7. klasse, til og med i nye og oppussa lokale. Det blir flott!

På Tveit skule/Nissedal ungdomsskule er det større elevgrupper og fleire omsyn å ta med fordeling av rom og faglærarar, samt plan for reinhald i eit utvida bruk av bygga. 3. og 4. klasse som nå har vore på storskulen må flytte tilbake til småskulen. Det er derfor bestemt at 5.-10. klasse der har oppstart onsdag 13. mai.  På denne måten får vi den beste oppstarten for elevane.

Skulane forheld seg til dei oppdaterte smittevernrettleiarane frå Udir og Fhi, det skal de vere trygge på. Det blir fokus på håndvask og å halde anbefalte avstandar.

Det er eit viktig prinsipp at sjuke elevar og vaksne ikkje skal vere på skulen. Det betyr at elevar og vaksne som er sjuke, og sjølv med lette symptom på luftvegsinfeksjon, må vere heime til dei har vore symptomfrie i eit døgn.

Busselskapet oppmodar framleis alle som kan det om å unngå skuleskyssen. Dersom du har sjans til å køyre eleven din til/frå skulen, eller eleven kan sykle til skulen, er det ein viktig del av den nasjonale dugnaden vi står midt i.

Då gler vi oss veldig til å få alle elevane i Nissedal tilbake til skulane våre.

Ikkje nøl med å ta kontakt dersom de har spørsmål.

 

Beste helsing,

Reidun Carol Retterholt
Einingsleiar skule