Frist for avlesing er 13.01.2020.

Det er viktig å sjekka at vassmålar nummer i SMS stemmer med det som står på sjølve vassmålaren.  Abonnentar svarar på SMS ved å skriva inn standen på vassmålaren. Skriv berre heile tal (ikkje komma tal) og ikkje raude tal. Ikkje ta med nullar framfor standen.

Det er viktig at ein ikkje skriv mellomrom, punktum, eller bokstavar i svar SMS`en. I tilfelle vil ein oppleva å få feilmelding.

Abonnentar som svarar på SMS, får kvittering. Har du gjort dette riktig, kjem fylgjande SMS tilbake;
«Avlesing «tall» er registert på vassmålar « vassmålar nr». Det gir eit forbruk på «antall m3» sidan førre avlesing «tall, førre avlesing».