Hannelore Skeimo var ein av seks søkjarar til den ledige stillinga som einingsleiar for Velferd i Nissedal kommune. I går vart ho tilbudt stillinga, og takka med ein gong ja!

Hannelore bur i Vegårshei og jobbar i dag i Froland kommune som avdelingsleiar for heimebaserte tenester. Ho er utdanna sjukepleiar med master i helseleiing.

Kommunedirektør Sverre Sæter er svært nøgd med tilsettinga.  – Med Hannelore på laget vil me kunne halde fram i det framtidsretta sporet våre velferdstenester er i, og hennar kompetanse er det me treng for å kunne møte dei krevjande tiåra me står føre med å tilby gode og forsvarlege helsetenester i ei tid med stendig mangel på kompetent arbeidskraft.