Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skuleskyss

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Bur du over ein viss avstand frå skulen eller har du ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til skuleskyss. Har du nedsett funksjonsevne eller er mellombels skadd eller sjuk, har du òg rett til skyss til og frå skulefritidsordninga (SFO).

    Målgruppe

    • Elevar i grunnskule, vidaregåande skule og privatskule
    • Elevar med funksjonshemming 
    • Elevar som er mellombels skadde eller sjuke

    Kriterium/vilkår

    Avstanden mellom skule og heim må overstige

    • 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
    • 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen
    • 6 km for vidaregåande skule

    Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Er du elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld også om du er funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk.

    Går du på privatskule, har du rett til skuleskyss berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der du bur.

    Pris for tenesta

    Skuleskyss er gratis.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Fylkeskommunen/kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. opplæringslova §§ 7-1, 7-2, 7-3 og 13-4. Sjå òg privatskolelova § 3-7  og kapittel 10 i forskrift til opplæringslova.

    Lover

    Opplæringslova
    Privatskolelova

    Forskrifter

    Forskrift til opplæringslova

    Vedtekter

    Skuleskyssreglement for Nissedal kommune
    ___
  • Skjema

    Søknaden sendes til

    Det er fylkeskommunen som har ansvaret og som avgjer om du har rett til skuleskyss. Dette gjeld likevel ikkje om du er elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg veg. Da er det kommunen som har ansvaret og som avgjer om du har rett til skyss.

  • Saksbehandling

    Saksbehandlingstid

    Fylkeskommunen/kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen/fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen/fylkeskommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Eining for oppvekst og kultur
    Telefon:35048400
    Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Kontaktpersoner

    Navn:Even Holskar
    Tittel:Rektor - Kyrkjebygda oppvekstsenter
    Telefon:94871420
    Mobil:47301017
    Epost:even.holskar@nissedal.kommune.no
    Navn:Marius Vøllestad
    Tittel:Rektor Tveit skule/ Nissedal ungdomsskule
    Telefon:35048482
    Mobil:95871707
    Epost:marius.vollestad@nissedal.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2022-01-28 16:03
    Gyldig fra
    2014-11-03
    Gyldig til
    2023-01-31