Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skuletilknyting

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Elevar i grunnskulen har rett til å gå på den skulen som dei høyrer til. Du kan søkje om å få barnet ditt inn ved ein annan skule. Det er opp til kommunen å avgjere dette. Skulen/kommunen vil sende brev til føresette med born som er i skulepliktig alder. I brevet blir det opplyst om kor ein skal møte og til kva tidspunkt.

    Målgruppe

    Føresette med born i skulepliktig alder

    Kriterium/vilkår

    Kva skule eleven høyrer til, avgjer kommunen etter ei konkret vurdering. Vurderinga skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men ho skal også ta omsyn til om for eksempel sysken er plasserte på den same skulen, kapasiteten på skulen og om skulevegen er farleg.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå spesielt opplæringslova § 8-1 Skolen

    Lover

    Forvaltningsloven
    Opplæringslova

    Forskrifter

    Kommunal forskrift om skulebytereglar

    ___
  • Skjema
  • Saksbehandling

    Saksbehandlingstid

    Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

    Klagemulighet

    Du kan klage både på vedtak om kva skule eleven høyrer til, og på vedtak om skulebytte til annan skule. Klagefristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Eining for oppvekst og kultur
    Telefon:35048400
    Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Kontaktpersoner

    Navn:Reidun Carol Retterholt
    Tittel:Kommunalsjef for oppvekst og kultur
    Telefon:35048482
    Mobil:95921972
    Epost:reidun.retterholt@nissedal.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2022-01-28 16:03
    Gyldig fra
    2012-12-24
    Gyldig til
    2023-01-31