Aktivietane vil bli arrangert  i samarbeid med ulike lag og foreiningar og på ulike stader i kommunen. Fleire ungdommar har fått som sommarjobb å vere med å arrangere. Aktivitetane er for dei som har gått ut av ungdomsskule og vidaregåande skule i år. Me har fått støtte frå Bufdir og Gjensidigestiftelsen til å arrangere sommarkveldane.

Tidspunkt: startar kl. 18.00 og sluttar kl. 21.00.

Oversikt over dato og program:

  • 17.06: Sommarkonsert i sentrum. Samarbeid med kulturskulen. Kontaktperson: Anne Espelid
  • 25.06: Aktivitetar i sentrum med fokus på vatn og båtvett. Opning av vasstrampolina, besøk av politi og brannvesen. Samarbeid med Nissedal Røde kors. Kontaktperson: Kristin Vågen
  • 02.07: Strandparty på sandvolleyballbanen i Evja. Me har pussa opp banen og arrangerer turnering. Samarbeid med Treungen IL. Kontaktperson Elin Fjalestad
  • 09.07: Badmintonturnering på Sommarsletta. Grilling og musikk. Kontaktperson: Kristin Vågen
  • 16.07: Sommaraktivitet på Fjone,  Nisser hyttegrend og camping. Vannskuter med tube og tarzanslynge. Kontaktperson Elin Fjalestad
  • 23.07: Skateshow i Kyrkjebygda. Nissedal IL og Lars Veum har ansvar for denne kvelden. Bygdekvinnelaget ordnar med mat. Kontaktperson Lars Veum
  • 30.07: Aktivitetar på Sandvolleyballbanen i Evja. Bueskyting, spill, volleyball, lokalmat. Kveldskafegjengen i frikyrkja har ansvar for gjennomføring. Kontaktperson Rut Stokstad Nielsen.
  • 06.08: Streethockey i Kyrkjebygda. Nissedal IL og Lars Veum har ansvar for denne kvelden. Bygdekvinnelaget ordnar med mat. Kontaktperson Lars Veum.