Vilkår for å få tilskot:
Det blir gitt lønstilskot på kr 35,- per time i minimum 50 timar, maksimum 150 timar. Ungdommen må ha fylt 16 år, vere under 18 år og registrert som busett i kommunen. Søknader knytt til ungdom det tidlegare er motteke lønstilskot for vert nedprioritert. Det blir berre gitt lønstilskot for arbeid utført innanfor normalperiode for skuleferie.
For å kunne søke om lønstilskot for ungdom, må tilsetjinga vere knytt til eit organisasjonsnummer.


Verksemda forpliktar seg til å betale minimum 80% av kommunen si løn for unge arbeidstakarar og må forplikte seg til å følgje tariffavtale i høve til arbeidsforhold som gjeld for unge arbeidstakarar.
Søknaden skal innehalde namn og fødselsdato på skuleungdommen og sendast til:
Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen
E-post: postmottak@nissedal.kommune.no


Ved spørsmål, kontakt Anne Rønningen tlf. 35 04 84 17, anne.ronningen@nissedal.kommune.no
Søknadsfrist: 27. mai 2020