Osmund Almelien og dei andre sjåførane i Vy Buss melder om stor interesse og begeistring for sykkelhengaren også i sommar!

Hengaren er for lengst tilbake i teneste etter ein ørliten reparasjon grunna eit trafikkuhell 10. juli, og godorda er mange frå folk som syklar lina og får ta med sykkelen på hengaren utan ekstra kostnad.

Vestfold og Telemark fylkeskommune starta tilbodet med sykkelhengar i skuleferien fjor sommar, og no er håpet at tilbodet om sykkelhengar også i år varer ut august og er tilbake i haustferien!

Takk vere godt samarbeid mellom Nissedal kommune og Statens vegvesen, er det i år tryggare å gå og sykle på lina sidan no mest heile turen mellom Treungen og Åmli gjeng utanom riksvegen.

Her er miniguide med oppdatert kart!

Og her finn du ruteopplysingar: https://www.farte.no/sykkelhengeritreungen/