Vi vil arbeide med dramaøvingar, dramaturgi og skodespelarteknikk, og arbeidet vil ende opp i ei framsyning som vil bli vist i februar 2023. Kva for framsyning vi kjem til å spele, vert bestemt når vi ser kor mange som melder seg på.

Deltaking er ope for alle som ønsker å lære seg meir om skodespel og teater, og vi håper mange har lyst til å prøve seg! Du treng ingen erfaring frå før – bare interesse og motivasjon til å øve på replikkar heime! Viss du er interessert i å ha ansvar for scenografi, lyd eller anna scenearbeid er du også hjarteleg velkommen på gruppa!

Oppstart blir i uke 39, og undervisninga vil vere på tysdagar frå kl 17.30 – 19.00 og nokre lenger samlingar. Ingvild Homme vil lede dramagruppa. Undervisninga vil halde fram til og med veke 7, og avsluttas med framsyning for publikum.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Rune Sanden på tlf: 918 66 977

PÅMELDING: Meld deg på med ein e-post til Rune Sanden, rune.sanden@nissedal.kommune.no
Skriv namn på eleven, klassetrinn og namn + adresse til forelder/føresett.
PÅMELDINGSFRIST: torsdag 22.09.22
PRIS: kr. 600 *

(* Nissedal kommune har tilbod om Kontingentkasse. Formålet med kontingentkassa er å bidra til at alle barn og unge i Nissedal skal ha muligheit til å delta på vekentlege fritidsaktivitetar, og er for dei som trenger økonomisk hjelp til å betale for aktiviteten pga. utfordrande familieøkonomi)

Vi håpar du har lyst til å vere med :-)
Helsing Nissedal kulturskule