Frist for å svare på SMS er 22.12.2023. 

Dersom ein ikkje har høve til å lese av innan fristen 22.12.2023, vil ein få ein ny SMS med frist 05.01.2024.

Dersom ein heller ikkje har høve til å lese av innan fristen 05.01.2024, vil ein frå tilsendt avlesingskort med ny frist i slutten av januar.

NB! Hugs å sjekke at vassmålarnummer stemmer når du les av, er det feil må du melda frå om det.

For å registera målarstand svarar ein på SMS`en. Skriv inn vassmålarstanden, bare heile tall. Ikkje ta med raude tal eller tal bak komma.
Ikkje skriv inn tekst eller teikn som punktum eller liknande.

Avlesingskort
Abonnentar som ikkje får SMS varsling vil få tilsendt avlesingskort. Blir sendt ut i løpet av veke 51. 

Meir informasjon om vassmålaravlesing.

Er det spørsmål vedr vassmålaravlesing kan ein sende ein e-post til gunn.strand@nissedal.kommune.no