Målet med avtala er at alle som driv med næring, eller yt tenester til innbyggjarar i kommunen, skal få tilbod om eit kurs der ein lærer om kva som er viktig i møte med personar med demens. Til dømes når ein møter dei i betalingssituasjonar, når dei skal med drosje, når dei er på biblioteket osv.

Satsinga er eit samarbeid mellom fleire instansar i kommunen, Nissedal Helselag og næringa. 

 Vi har oppretta ei arbeidsgruppe:

  • Sverre Sæter, kommunedirektør
  • Arne Hansen Espebu, einingsleiar for velferd
  • Lena Haugsjå, demenskontakt
  • Anne Margrethe Espelid, kultursjef
  • Pauline Nordbø, leiar Nissedal Helselag
  • Tone Narvesen, Nissedal Helselag
  • Åse Tjøtta, Spar Treungen

Arbeidsgruppa vil saman arbeide for å arrangere kurs i kommunen, og per nå er det sett opp eit temamøte og eit kurs:

Ope temamøte om demenssjukdom

Tid og stad: Tysdag 4. oktober kl. 18.00 i kinosalen på Fleirbrukshuset

Program:

  • Foredrag om demenssjukdom ved overlege Ulrike Sagen-Vik, seksjon for alderspsykiatri, Sjukehuset Telemark. 
  • Einingsleiar for velferd, Arne Hansen Espebu, orienterar om eit demensvenleg samfunn

Alle er velkomne!

Arr. Nissedal Helselag

Kurs: "Korleis gje god service til personar med demens»

Tid og stad: Tysdag 18. oktober kl. 18.00-19.30 i kinosalen på Fleirbrukshuset

Kurset er ope for tilsette i bedrifter, kultur og andre som driv servicetenester i Nissedal kommune.

Det er eit mål at minst 50% av tilsette i kvar bedrift har hatt dette kurset, slik at personar med demens vil  ha større moglegheit for å få tilpassa hjelp i kvardagen og kan fungere lenger i samfunnet.

Kurset er gratis, men bedriftene må ev. løne dei tilsette for tida opplæringa tek. 

Arr. Arbeidsgruppa

 

Ta kontakt med einingsleiar for velferd Arne Hansen Espebu,  mob. 99 26 44 94 eller demenskontakt Lena Haugsjå mo. 906 85 202 for meir informasjon. 

 

Med helsing 


Arne Hansen Espebu
einingsleiar for velferd