Me stellar i stand ein TV-aksjonskafé med sal av kjøttsuppe, lappar, saft og kaffi. Det vert sal av sjølvproduserte produkt frå barnehage, SFO og skule. Du kan prøve vinnarlukka på basaren. Alle inntekter går til TV-aksjonen. 

Kaféen og butikken har ope frå klokka 15.00 til 17.30. Klokka 15.30 opnar loddsalet. Denne held fram til lodda er selt og til gevinstane er borte. 
Ta med deg familie, vener, naboar og kjøp middagen på oppvekstsenteret denne ettermiddagen. Me nyttar Vips og kontantar

Velkomen!

 

Helsing
Alle ved Kyrkjebygda oppvekstsenter,
Bygdekvinnelaget, Helselaget, Bondelaget og FAU på skulen og i barnehagen