Det årlege kafé - og handverkutsalet vart bytta ut med ein idrettsdag. Alle elevane frå 1.-7. klasse og førskulebarna samla poeng og fekk sponsing av lokalt næringsliv og private for innsatsen. Dette blei ein morosam og aktiv dag med mykje latter og gode smil.
Det kom inn ein klekkeleg sum til arbeidet med å renske havet for plast.

Tusen takk for flott innsats av Kyrkjebygda oppvekstsenter, og alle som har gjett bidrag til TV-aksjonen!