Bakgrunnsinformasjon

Bakgrunnen for Ungdomslos-prosjektet er det høge talet på Nissedals-elevar som fell ut av opplæringa i vidaregåande skule. Dette er også ei nasjonal utfordring. Oppvekstprofilen for 2021 viser at 78% av elevane på fylkes- og landsnivå gjennomfører vidaregåande opplæring på normert tid (dvs. 5 år), medan det for Nissedal kunn er 69% som gjennomfører vidaregåande opplæring innan 5 år. Årsak til dette kan til dømes vere stort fråvær, personlege årsakar, feil val eller manglande trivsel. Alle ungdom i Nissedal må også flytte ut av kommunen på hybel, dette kan være ein stor og krevjande overgang for fleire ungdom. 
 
Ein ungdom som fell utanfor arbeid eller skule kostar samfunnet omlag 17 millionar kroner årleg. Personlege konsekvensar for den enkelte er i følgje forsking dårlegare helse, låg økonomisk fridom og samla dårlegare livskvalitet. Kommunen har nå eit stort fokus på ungdom med mål om å utjamne sosiale skilnader, jobbe rusforebyggande, auke trivsel og meistring. Tiltaket er forankra i Plan for overgangar. Ein los kan hjelpe ungdom i overgangen frå grunnskule til vidaregåande opplæring og være med å snu den negative fråfallstrenden. Mykje forsking viser at overgangen mellom ulike livsfasar er kritisk for å lukkast med neste fase. Gapet mellom et kommunale tenesteapparatet og det fylkeskommunale ansvaret har vist seg å være for stort og ansvaret kan lett smuldre bort.
 

Mål 

Å styrke ungdomane si tilknyting til skule, samt trivsel og meistring, og gjennom dette bidra til å betre skuleprestasjonane og auke gjennomføringa i vidaregåandeopplæring.
 

Visjon

Elevar i Nissedal fullfører vidaregåande opplæring då dei trivast og har ein meiningsfull skulekvardag og meistrar hybellivet.
 

Målgruppe

Ungdom frå 14-19 år, med særleg fokus på elevar i ungdomsskulen og overgangen til vidaregåande skule. 
 

Arbeidsoppgåver

Ungdomslosen i Nissedal har ansvar for å gje oppfølging, hjelpe ungdommane i kontakt med ulike hjelpetenester og bidra til at ungdomane mottek tilrettelagt hjelp og bistand til å meistre skulesituasjonen. 
Ungdomslosen skal jobbe på både system- og individnivå.
Systemnivå; Nissedal kommune har nå elevar fordelt på 11 ulike vidaregåande skular i Vestfold og Telemark og Agder. Ungdomslosen vil besøke dei ulike skulane etter behov, knytte kontaktar til rådgjevarar på skulane og oppfølgingstenesten i Vest-Telemark. Målet er å samordne og tilrettelegge tilbod for ungdom i målgruppa og gi ein betre skulekvardag med tett tilknytning til skule for ungdom som mottek oppfølging. Det er også viktig at det er nok lærlingplassar tilgjengeleg i kommunen for elevar i yrkesfagleg opplæring og losen vil være ein pådrivar for dette.
På individnivå vil losen bygge relasjon med den enkelte, gjennom å være synleg der ungdom oppheld seg, ha samtalar og fylgje opp etter behov. 
 

Ungdomslosens roller

Losen vil ha ei rolle som går på tvers av arenaene våre ungdom deltek i, som skule, fritid, helse og kultur. Losen skal samarbeide med eleven, føresette, pedagogar, helsepersonell og kulturarbeidarar for å auke sjølvtillit og motivasjon hos eleven.

Relasjonsbyggar
Ein trygg relasjon er avgjerande i ungdomslosarbeidet. Det er viktig å arbeide for kontaktetablering og relasjonsbygging til den enkelte elev.

Støttespelar og «ungdommens advokat»
Ungdomslosen skal bistå elevar med mål om å få fram deira side i saker. Ein vaksenperson dei kan støtte seg til, delta i møter med ulike instansar og sørge for at ungdommens stemme blir hørt.

Rettleiar, pådrivar og bindeledd
Losen skal være bindeleddet mellom eleven, føresette, hjelpetenestene og opplæringsinstitusjonen. Losen har ei viktig rolle i overgangen frå grunnskule til vidaregåande. Losen skal være ein pådrivar til at eleven får rett hjelp til rett tid og ha fokus på godt samarbeid mellom dei ulike tenestene. Rektor på ungdomsskulen har fullmakt til å «tilvise» ungdom til ungdomslosen, etter samtykke frå føresette.